Skular med meir uteundervisning har meir motiverte elevar

Elevane treivst betre, lærte like mykje og rørde seg meir når dei jamleg fekk undervisning utandørs.

Forsking tyder på at det ein veldig god idé å ha undervisning utandørs i naturen eller i byen, skriv Forskning.no.

I dei største vitskaplege forsøka som er gjennomførte med uteskule, vart barn i gjennomsnitt meir motiverte når dei hadde om lag fem timar i veka utandørs.

Barnas trivsel vart òg betre. Dei fekk nye vener, rørde seg meir og las litt betre enn barn som var meir i klasserommet, viste forskinga som tok for seg 48 klassar på mellomtrinnet på 18 danske grunnskular. 28 av desse klassane hadde uteskule.

Mykje positivt med å ha skulen ute

– Då eg starta med å arbeida med uteskule, var bekymringa om elevane kom til å læra det dei skulle. Men forskinga vår viser at det aukar motivasjonen til barna, seier Erik Mygind, som er ein av forskarane som står bak studiet.

– Det ser òg ut til at elevane lærer litt meir og får ei anna form for kunnskap når tradisjonell innandørs undervisning blir kombinert med uteskule – dei lærer i alle fall ikkje mindre, legg han til.

I forskingsprosjektet TEACHOUT, som Erik Mygind stod i spissen for, gjennomførte forskarane ei rekkje forsøk.

Forsøka fekk følgjande resultat:

  • Barna som hadde uteskule lærte minst like mykje. Elevar som hadde regelmessig uteskule, scora litt høgare i lesetester.
  • Motivasjonen var høgare hjå elevane som hadde uteskule.
  • Barn som hadde uteskule treivst betre. Forskarane målte den psykiske trivselen til barna før og etter skuleåret. Borna med uteskule treivst betre sosialt enn dei som berre hadde fått tradisjonell undervisning. Trivselen vart særleg forbetra når barna vart underviste utandørs over tid kvar veke.
  • Barn som hadde uteskule fekk fleire nye vener.
  • Gutar som hadde uteskule rørde seg meir. Gutar gjennomførte i gjennomsnitt 20 minutts meir moderat til hard fysisk aktivitet per dag. Hjå jentene var ikkje forskjellen så stor.