Svanhild Aksnes går på 7. trinn ved Dalsfjord skule i Volda kommune, og er oppvaksen på gard med mange dyr. Foto: Privat

«Vi står her i dag heilt åleine, men saman. Vi er alle samla, men på forskjellige stader»

Slik byrjar 17. maitalen til Svanhild Aksnes.

7.klassingen frå Dalsfjord skule i Volda vann i konkurranse med over 80 andre innsende talar frå heile landet i skrivekonkurransen til Framtida Junior.

– Det var veldig morosamt at akkurat min tale vann, seier ho.

Høgt nivå

Mora hennar, Runhild Håheim Aksnes, fortel at dottera vart veldig overraska og overvelda då ho fekk beskjed om at ho hadde vunne.

Ifølgje redaktør i Framtida Junior, Svein Olav Langåker, var det eit høgt nivå og mange gode talar i skrivekonkurransen.

– Talen til Svanhild utmerkte seg med eit særs godt språk, god driv og ein tydeleg bodskap. Rett og slett ein verkeleg god tale! seier han i ei pressemelding.

Den unge taleskrivaren får både t-skjorte og abonnement på papiravisa til Framtida Junior i premie.

Framtida Junior blir driven av Landssamanslutninga av nynorskkommunar og er den einaste avisa for barn på nynorsk.

Feirar med familien

Svanhild Aksnes feirar 17. mai saman med familien sin.

– Først friluftsgudsteneste, så ein tur til skulen som arrangerer leikar. Der kan ein også få kjøpe is som høyrer til på 17. mai, fortel Runhild Hånes Aksnes.