Forskarar har funne ut kvifor jenter er flinkare enn gutar på skulen

Mange forskarar er bekymra over at skilnaden på karakterane til jenter og gutar. No har forskarar ved Folkehelseinstituttet (FHI) gjort spennande funn i ei ny studie.

Jenter gjer det betre enn gutar i nesten alle fag på skulen. Det bekymrar forskarane, men kvifor det er slik har dei til no ikkje greidd å finna ut av.

Forskarar ved Folkehelseinstituttet (FHI) har gjort spennande funn i ei ny studie. Det viser seg at elevar som kjem tidleg i puberteten, rett og slett er flinkare på skulen enn dei som kjem seint i puberteten, skriv Ung Forskning.

Puberteten spelar ei viktig rolle

Dette gjeld både jenter og gutar – altså er det ikkje om du er gut eller jente som betyr noko for korleis moglegheitene dine er for å bli flink på skulen. Men dessverre kjem kjønn inn som forklaring likevel.

Det viser seg nemleg at jentene kjem tidlegare i puberteten enn det gutane gjer. Forskarane meiner at dette kan forklare kvifor jentene gjer det betre på skulen.

Utanom at puberteten spelar ei rolle for kor flinke elevar er på skulen, meiner også forskaraner at det er ei rekkje psykologiske ting som spelar inn. Me menneske blir rett og slett meir modne når me kjem i puberteten.