Har dusja med klede og målt straum i papaya – no er finalistane i Nysgjerrigper klar

Av dei 170 forskingsprosjekta som er sendt inn frå norske elevar, står no 21 av dei att i finalen. Fresvik Enspire skule og Den Norske Skole Gran Canaria er to av dei utvalde som knivar om sigeren.

Nysgjerrigper

Nysgjerrigper er Forskingsrådet sitt tilbod til elevar og lærarar på barneskulen, og initiativet vil at fleire skal få vita kva forsking faktisk går ut på. Ved å bruka Nysgjerrigpermetoden får born læra om forsking og prøva å forska sjølv. Vinnaren vert kåra den 6. mai.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er ganske spennande at me er ein av dei 21 som er att i finalen, seier Endre (10).

Tomas (11) og Guro (12) nikkar samd, før Tomas legg til:

– Dette er den første gongen me er med i Nysgjerrigper, og så er me finalist! Det er kjekt.

Endre, Tomas og Guro går på Fresvik Enspire skule, og deira forskingsprosjekt er eit av dei utvalde finalistane. Det heilt starta med at det var veldig mykje regn i Fresvik.

– Alle fekk koma med forslag, men me vart enige om at me kunne sjå nærare på kvifor ting er vasstett og ikkje, seier Guro.

For å finna fram til eit resultat, har dei gjort mykje spennande forsking.

Ganske gøy: Endre (10), Tomas (11) og Guro (12) frå Fresvik Enspireskule, seier at det fristar å vera med i fleire Nysgjerrigper-konkurransar. – Det var ganske gøy, men også litt slitsamt.

– Me har forska på ulike ting som eigentleg skal vera vasstett, og så har me sendt mail Norrøna og Bergans som lagar vasstette klede, seier elevane.

Dei måtte til og med gjera noko som både var gøy og vått.

– Nokre av oss dusja med vasstette klede på skulen. Me fann ut at det nokon trur er vasstett, faktisk ikkje er det, seier Endre.

Forsøk: Her testar elevane i Gran Canaria Ph-verdien på frukt og grønsaker.

Spennande forsøk

Charlotte (10) og Samuel (12) går på skule i Gran Canaria, og fortel at dei valde å forska på kva frukt og grønsaker som best fører straum.

– Me har hatt mange forsøk på laben. Me brukte mellom anna kobbartråd og sinkspikar for å sjekka kva som førte straumen best.

Samuel fortel at han vart overraska over resultatet av forskinga.

– Eg var sikker på at sitronen som kom til å vinna! Men pæra vann og ananasen var den som kom på absolutt sisteplass. Me trudde at Ph-verdien ville ha noko å seia, men det viste seg å vera feil.

Charlotte og Samuel fortel at sidan dei bur i Gran Canaria, har dei fått testa straum i frukt og grønsaker som ikkje er så vanleg i Noreg.

– Me har mellom anna testa på papaya, blå potet og kaktusfrukt, seier dei.

Kjekkast på lab: Charlotte (10) og Samuel (12) frå Den Norske Skole Gran Canaria, fortel at det kjekkaste med prosjektet var å vera på lab.

Knivar om tittel og 30.000 kroner

No skal juryen kåra vinnarane som får 30.000 kroner i tillegg til den gjeve tittelen «Årets nysgjerrigper». Elevane håpar på siger.

– Me har lyst å reisa i klatrepark om me vinn, seier elevane frå Fresvik.

Gjengen i Gran Canaria har litt meir eksotiske planar.

– Kanskje me kan reisa i Krokodilleparken eller på tivoli. Tidlegare har skulen hatt privat delfinshow, så kanskje me kan gjera det igjen, seier dei.