«Virusvår» vart virusår

For eitt år sidan vart tekstbidraga til Ameli Eikner (15) og Pia Eiersland (14) tatt med i boka «Virusvår». Ingen av dei hadde trudd at pandemien framleis skulle vera ein del av liva deira.

«Virusvår»: Boka er eit resultat av ein skrivekokurranse for ungdom, som vart lyst ut av DUS – Den unge scenen. Foto: Pax Forlag

– At eg har skrive noko som andre også kan kjenna seg att i, er veldig kjekt, seier Ameli.

I fjor fekk ho eit tips om ein skrivekonkurranse, der ein kunne senda inn ein personleg tekst om korona-pandemien.Det same gjorde Pia. Ho fortel at ho ikkje trudde at hennar tekst ville bli plukka ut.

– Eg har ikkje så mykje flaks til vanleg, så eg hadde ikkje forventa det, seier ho og ler litt.

Frå smittevern til Netflix

I boka «Virusvår» skriv Pia, Ameli og andre ungdommar om opplevingar, tankar og inntrykk frå den spesielle våren då Noreg stengte ned. Tekstane formidlar tankar om einsemd, skule, smittevern, sakn og Netflix – på ein måte som alle kan kjenna seg att i.

Redd for å gleda seg: Ameli Eikner fortel at det ho gler seg mest til når me er ferdige med pandemien, er å reisa og ikkje tenka på alt som føljer med korona. – Alt er så uvisst. Eg er nesten redd for å gleda meg til ting no, for det meste blir jo avlyst, seier ho. Foto: Privat

– Eg hugsar at eg tenkte at eg syntest det var rart at alle tok det så bra. I starten følte eg meg veldig innestengt, liten og hjelpeslaus. Men då me kom til mai, fekk me ein rytme i kvardagen, seier Ameli og tenkjer tilbake på starten av pandemien.

Pia er enig med Ameli, og fortel om ein rar kvardag for eit år sidan.

Har funne nye måtar å takla pandemien på

– Me visste ikkje kor lenge me kunne bli på heimeskulen. Det kunne gå fleire dagar utan eg gjekk ut av huset. Eg såg veldig mykje på Netflix.

Sjølv om me framleis må forhalda oss til pandemien, meiner jentene at me no slappar litt meir av.

Gi klem: Pia Eiersland fortel at det ho gler seg aller mest til når pandemien er over, er å gi besteforeldra sine ein klem. Foto: Privat

– 12. mars i fjor tenkte eg berre «Hæ?». I fjor var det sjokkfaktor, no trur eg at dei fleste føler at det er betre, seier Ameli.

– Då me fekk den endelege beskjeden om at skulane stengde for eit år sidan, var det ingen som trudde på det. Me følte at me var med i ein katastrofefilm. No er det meir normalt, sier Pia.