Elefantane viste ingen nåde

Elefantane i Kruger nasjonalpark i Sør-Afrika viste ingen nåde då tre krypskyttarar prøvde å stikka av, og tilfeldigvis møtte på ein flokk som var i ferd med å para seg.

Ein av dei tre krypskyttarane vart trampa i hel av dei rasande elefantane, ein vart arrestert og den tredje greidde å stikka av, skriv TV 2.

Krypskyttarar driv ulovleg jakt på dyr, og brukar ofte øks for å hogga horna av nasehorn, før dei sel horna for svimlanda høge summar.

Eit vedvarandre problem

Nasjonalparksjefen Gareth Coleman seier i ei pressemelding at krypskyttarar har vore eit problem i lang tid.

– Det er uheldig at eit liv gjekk tapt. Berre gjennom disiplin og med samarbeid og uthald, kan me få slutt på det. Jobben mot krypskyttarane er alle sitt ansvar. Det trugar jobben til mange menneske, øydeleggjer familiar og tek opp tid og ressursar som kunne gått til noko anna, seier han.