Premier League-stjerner med sosiale medium-boikott

No krev dei at det blir gjort noko i kampen mot rasisme.

Frå fredag 30. april, skal britiske fotballspelarar og leiarar boikotta sosiale medium for å støtta kampen mot rasisme. Boikotten kjem til å vara i fire dagar, skriv BBC.

Det heile er eit forsøk på å kjempa mot rasistiske hatytringar. Ein boikott er ei frivilleg handlig, som vanlegvis skjer grunna sosiale eller politiske årsaker.

Krev at det blir tatt grep

– Boikotten viser at engelsk fotball kjem saman for å visa at sosiale medium må gjera meir for å stoppa hat på nett, og for å visa kor viktig det er å utdanna folk i kampen mot diskriminering, står det i ei Twitter-melding frå Premier League.

Dei skriv også at dette viser at sporten er villig til å ta frivillege og førebyggjande skritt i denne pågåande kampen.

– Me vil at britiske myndigheiter skal halda sosiale medium-selskapa meir ansvarlege for det som skjer på platformane deira, står det i uttalinga.

– Ein stad som er fylt av rasistiske hatytringar

Den anti-rasistiske organisasjonen «Kick it Out» meiner også at det er på høg tid at noko skjer.

– Denne boikotten viser kor sinte me er, seier Sanjay Bhandari i «Kick it Out».

– Sosiale medium blitt ein stad som er fylt av rasistiske hatytringar. Ved å fjerna oss frå desse platformane, viser me dei som har makta at dette ikkje er greit. Me treng at du er med. Me treng deg til å vera med på å skapa endring, skriv dei.