Sakna ubåt funne i minst tre delar

Indonesiske styresmakter har bekrefta at at alle dei 53 som var om bord på ubåten «Nanggala 402» har omkome.

Forsvarssjef i Indonesia, Hadi Tjahjanto, har stadfesta at alle dei 53 om bord i ubåten som sank utanfor Bali har omkomme, skriv VG.

Ubåten vart meldt sakna onsdag forrige veke, og etter dagar med intens leiting vart den funnen 838 meter under overflata.

Då utbåten vart funnen, kom det på same tid fram at den har sokke. Stabsjefen for marinen, Yudo Margono sa at dei reknar med at ubåten har gått gradvis i stykker medan han har sokke.

Usikkert kvifor den sokk

– Den var i tre deler. Dersom ubåten hadde eksplodert, burde sonarar ha registrert dette, sa han.

Alle båtar har sonar om bord. Den brukar lyd under vatn for å navigera, eller å plukka opp andre fartøy i nærleiken.

Det er framleis usikkert kvifor ubåten har sokke, men marinen har uttalt at ein elektrisk feil kan ha ført til at ubåten ikkje greidde å koma seg opp til overflata.