Instagram lagar teneste for born

Ein versjon av Instagram som er tilpassa born, kan snart vera tilgjengeleg.

Sjefen for selskapet, Adam Mosseri, skriv på Twitter at dei no ser på moglegheita for å laga ein versjon der foredre har kontroll, men at borna framleis kan halda kontakt med venene sine, ifølgje TV 2.

Det er ikkje kjent når tenesta kan vera klar, seier han til Buzzfeed News. Likevel er det ei oppgåve som er prioritert.

I dag har Instagram ifølgje brukarvilkåra sine ei aldersgrense på 13 år.