«Sjel» vann Oscar

Filmen vann prisen for beste animerte film under årets Oscar-utdeling.

Filmen, som fekk kritikarane til å jubla då den kom i desember 2020, har gitt animasjonsstudioet Pixar sin 11. Oscar-statuett, skriv LA Times.

I «Sjel», som er regissert av Pete Docter, møter me Joe Gardner, ein ungdomsskulelærar som får sitt livs største sjanse. Gleda ved å endeleg få lov til å spela på ein jazzklubb, vert derimot kortvarig, då han kjem ut for ei ulykke der han blir separert frå kroppen sin som hamnar i koma på sjukehus.

Må samarbeida med uferdig sjel

Joe er plutseleg på veg til «the great beyond» (livet etter døden), men røymer og hamnar i «the great before». Denne plassen er der uferdige sjeler kjem for å utvikla personlegheiten sin før dei blir sendt til nye kroppar på jorda. Der får Joe i oppdrag å vera mentor for sjel 22, som har gitt opp å oppfylla krava om å koma til ein kropp på jorda.

Skal han ha ein sjanse om å koma tilbake til kroppen sin, må han samarbeida med 22.

Andre Pixar-filmar som har vunne beste animasjonsfilm på Oscar-utdelinga er mellom anna «Toy Story 3 og 4», «Coco», «WALL-E», «Ratatouille» og «De Utrolige».

Her kan du sjå traileren for filmen: