No feirar muslimane ramadan – men veit du kvifor?

Ramadan er den islamske fastemånaden, og i år vert høgtida feira frå 13. april – 12.mai.

Fasten, eller sawm på arabisk, er ein av dem fem søylene i islam og er ei religiøs plikt for alle muslimar.

Unnataket er dei som er sjuke, på reise, eldre, gravide, ammande, diabetikarar eller kvinner som har menstruasjon.

Først og fremst er fasten for dei vaksne, men born kan få prøva om dei vil.

Under ramadan pyntar mange muslimar med lyslykter. Foto: Pixabay

Kvifor fastar muslimane?

SNL skriv at fasten alltid kjem på måneårets niande månad, og at den ikkje kan vara lenger enn i 30 dagar. I løpet av desse 30 dagane, er det ikkje lov å eta eller å drikka noko, så lenge sola er oppe.

Det er heller ikkje lov å krangla eller å røyka, og det er eit krav å halda seg vekke frå sex.

Grunnen til at ramadan vert feira i måneårets niande månad, er at det var då profeten Muhammad hadde si første openberring.

I ramadan vert muslimane oppmoda til å konsentrera seg om fellesskap og solidaritet, tålmod og å beherska seg sjølv. Sjølve ordet «ramadan» kan omsetjast til «stor hete» og eit av formåla med fasta er å vise solidaritet med menneske som svelt.

Mange muslimar fastar, men det er store skilnader på kvar i verda dei bur. I Asia deltek opp mot 90 prosent, medan kring halvparten deltek i Europa og USA.