Kven er smartast av sauer og geiter?

Forskarar har testa dyra for å finna ut meir.

Sauer og geiter er omtrent like store, dei er nært i slekt, dei vart temte av menneske omtrent samtidig, dei har like godt syn og begge lever i små flokkar.

Men er det skilnad på kor kjappe dei er i hovudet?

Forskar Camille Raoult og samarbeidspartnarane hennar gjorde eit eksperiment med 21 geiter og 28 sauer for å finne ut meir om det, skriv Ung.Forskning.no.

Blei testa

Dyra fekk komma inn i ein innhegning, ein og ein. Der inne venta ein av forskarane, med ei skål med snacks. Men mellom dyret og godteskåla, var det eit gjerde med eit hol i. Dyret kunne ikkje gå den kortaste vegen til skåla, men måtte gå ein omveg for å komma gjennom holet i gjerdet.

Kven ville først forstå korleis dei skulle få tak i maten?

Her var geitene kjappast første gongen dei prøvde testen. Sauene brukte lengre tid på å skjønna kva dei måtte gjera, men klarte det minst like godt som geitene på dei neste forsøka.

Så flytta forskarane på holet i gjerdet. Kven ville no vera raskast?

Geitene igjen! Akkurat som tidlegare, gjorde geitene det betre enn sauene på det første forsøket. Dei var altså flinkare til å tilpassa seg ein ny situasjon, meiner forskarane.