Framtidajunior Visste du at? Desse mutant-kaninane går på to bein
INGEN HOPP: Kaninrasen sauteur d’Alfort kan ikkje hoppa som andre kaninar. Foto: Carneiro et. al 2021

Desse mutant-kaninane går på to bein

Forskarar har funne genet som gjer at nokre kaninar går på framlabbane framfor å hoppa.

– Om ein introduserte den same mutasjonen i menneske ville ein ikkje fjerna hopping, men det ville endra bevegelsane våre på ein annan måte, seier professor Leif Andersson til The Guardian.

Saka er først publisert hjå Framtida.no.

Saman med fleire andre forskarar har han klart å finna genmutasjonen som fører til at kaninrasen sauteur d’Alfort ikkje kan hoppa som andre kaninar.

Når denne spesielle tamrasen skal skunda seg tek dei heller framlabbane fatt og går framover på to bein.

Det særeigne trekket vart først observert i ei tam kanin nær Paris i 1935, men genet er ikkje dominerande og kan difor liggje skjult i generasjonar før det slår ut.

I tillegg til å gå på framlabbane fører genet til grå stær, noko som gjer kaninene blinde.

Kluss i bevegelsane

Leif Andersson ved Univeristetet i Uppsala og Miguel Carneiro ved Porto-universitetet i Portugal para to kaninar der den eine hoppa, medan den andre var av rasen sauteur d’Alfort.

Studium av dei 52 barnebarna til kaninane viste at kaninane som ikkje hoppa hadde ein mutasjon i eit gen som heiter RORB.

Denne mutasjonen laga ifølgje Forskning.no kluss i protein-produksjonen til ein type nerveceller i ryggmargen som vert kalla internevronar. Desse gjev igjen informasjon frå resten av kroppen til nervecellene som styrar musklane.

Mutasjonen fører til at kaninene strekker musklane sine for mykje. Framfor å hoppe skyter dei difor bakbeina i vêret.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR