Psykisk sjukdom gjer oss gamle tidlegare

Data frå om lag 1000 personar, viser at psyken vår har mykje å seia for kor gamal kroppen eigentleg er.

Eit forskar-team har følgt rundt 1000 personar frå New Zealand, fram til dei vart 45 år.

No har det komme store data om livet og helsa til deltakarane gjennom desse åra, skriv forskning.no.

Vart vurdert eldre enn dei var

Menneska som hadde hatt psykiske problemar, som mellom anna angst, depresjon, rusmisbruk eller schizofreni, vart vurdert som eldre enn dei eigentleg var.

Funna viser derfor at kroppen til ein 45-åring som hadde slitt psykisk, var eldre enn den burde ha vore. Også utsjånaden vart påverka av sjukdommen.