No er denne kritisk truga

No er den afrikanske elefanten raudlista som ein utryddingstrua art. Skogselefanten er nesten rekna som utrydda.

Verdas naturvernunion (IUCN) har nyleg oppdatert lista si over truga artar. No har den afrikanske elefanten kome med på lista, skriv NRK.

Den oppdaterte lista skil elefantslekta i Afrika i to – den afrikanske skogselefanten og den afrikanske savanneelefanten.

Spesielt er det skogselefanten som er hardt ramma, då den har blitt redusert med over 86 prosent dei siste tre tiåra. Den blir no sett på som kristisk truga, noko som vil seie at den er eit skritt frå å bli utrydda.

Den afrikanske skogselefanten utgjer om lag ⅓ av alle elefantane i Afrika. No er den kritisk truga for å bli utrydda. Foto: Pixabay

– Dette er ein vekkjar for heile verda

For mindre enn 50 år sidan var det om lag 1,5 millionar elefantar i Afrika. I den siste vurderingen som er frå 2016, kom det fram at det berre er att om lag 415.000.

Benson Okita-Ouma i «Save the Elephants», fortel at elefantane ikkje kjem til å forsvinna over natta, men at vurderingane som no er gjort, er eit teikn på at dyra truleg vil forsvinna om det ikkje vert gjort tiltak.

– Dette er ein vekkjar for heile verda om at me er på veg ned ein bratt skråning når det det gjeld desse elefantanes levedyktighet.

Les også: Ein million artar står i fare for å døy ut