Ny teknologi skal finna ut kor plasten i havet kjem frå

Det er viktig å finna ut kor plasten som ligg i og ved havet i verda kjem frå. No skal ein norsk app snart hjelpa.

Målet med appen er å få til fleire og betre tiltak for opprydding og innsamling av avfall i naturen.

– Appen vil gjenkjenna plast frå eit bilde. Når du ryddar avfall ved havet, fotograferer du plasten med mobilen og registrerer det i appen, seier stipendiat Christina Hellevik til gemini.no.

No skal rundt 100 personar få testa appen, når dei er ute og ryddar i naturen.

Tilgjengeleg for alle frå 2022

– Frå våren 2022 blir teknologien tilgjengeleg for alle. Kvar og ein person kan ta bilde av plast dei finn i naturen og få informasjon, seier professor Ricardo Da Silva Torres, som har ansvaret for det tekniske verktøyet.

– Inne i appen skal ein også registrera kva område ein fann gjenstanden i.

Appen skal bidra til å finna område der plasten samlar seg opp og finna informasjon om kvar den kjem frå. Slik kan den vera med på å legga til rette for at andre instansar, som mellom anna kommunen og hamnevesen, tek rette avgjersler.