Over 2100 grupper har meldt seg på – men det er plass til enno fleire

«Lesemester» har laga ein lesekonkurranse der målet er å ta med alle born og unge på ei digital reise – utan munnbind og handsprit.

– Nokre gonger kan det vera fint å ha ein ekstra liten dytt for å lesa fleire bøker. Då kan det vera gøy med på konkurransar der du kan konkurrera mot elevar i resten av landet, seier kulturminister Guri Melby (V).

Ho oppfordrar alle born til å bli med på konkurransen «Lesereisen», for å sjå korleis du og klassen din ligg an samanlikna med elevar på andre plassar i landet.

Nasjonal lesekonkurranse for barneskular

Konkurransen «Lesereisen» er ein nasjonal lesekonkurranse for alle barneskular i Noreg, som tek deltakarane med på nye reisemål etter kvart som dei les bøker.

Elevane kjem til å reisa til ulike verdsdelar, land og byar, utan munnbind og handsprit – rett inn bokverda.

Målet er å lesa så mange sider som mogleg, og i fellesskap med resten av klassen svara på fredagskvissen som blir tilgjengeleg tre gonger i løpet av konkurransen (8.–28. april).

Fine premiar ventar

Arrangøren for konkurransen fortel at det ventar fine premiar for deltakarane.

– Me er opptekne av leseglede og at alle skal føla meistring. Derfor vil det ikkje berre bli premiar til dei som les mest, men me vil trekkja premiar blant alle som har oppfylt nokre minimumkrav, skriv dei i ein e-post til Framtida Junior.

Fristen for påmelding er i løpet av morgondagen (fredag 26. april).

– Til no har godt over 2100 grupper meldt seg på konkurransen, men me håpar at det vil bli enno fleire.

Her kan du lesa om korleis klassen din kan melda seg på «Lesereisen».