Fleire unge i Taiwan vil heita «Laks»

«Laks» er plutseleg blitt eit veldig populært namn i Taiwan. Årsaka er eit tilbod frå restaurantar.

Sushi-restaurantar i Taiwan har lova å gi ut gratis sushi til personar som har dei kinesiske teikna for laks i namnet sitt, i tillegg til fem av venene deira.

Dette har ført til lakse-kaos i det asiatiske landet. Dei siste dagane har rundt 150 unge personar møtt opp for å endra namnet sitt, skriv TV 2.

Rare namn for gratis sushi

Ein student fortalde lokale medium at han og venene hans hadde ete sushi for 7000 taiwanske dollar, etter at han endra namnet sitt. Det tilsvarar om lag 2000 norske kroner.

Studenten endra namnet sitt til «Bao Cheng Gui Yu». Dette kan omsetjast til «eksplosiv vakker laks».

Andre namn som er nemnt i lokale medium, er mellom anna «lakseprins», «meteor laksekonge» og «laksesteikt ris».