108 ordførarar krev nynorsk frå Google

108 ordførar i fylke og kommunar med nynorskelevar har skrive brev til Google og krev nynorskversjonar av program som er mykje i bruk i skulen.

Saka vart først publisert på Framtida.

Kvart år byrjar mellom 7 000 og 8 000 førsteklassingar med nynorsk som opplæringsspråk i norsk skule.

– Det er viktig for oss at barna skal ha like høve til å bli trygge på språket sitt og digitale ferdigheiter som andre elevar i norsk skule, seier ordførar i Stad Alfred Bjørlo.

Nynorsk i programvare og appar

Saman krev ordførarane at Google har eigne språkversjonar for nynorsk av programvare og appar på:

  • G Suite for utdanning, inkludert program for tekstbehandling, rekneark, presentasjonar, kalender, videomøte og e-post
  • Google Chromebook
  • Google Classroom
  • Nynorsk rettskrivingsprogram

Google: – Kan ikkje auke støtta for nynorsk

Andrea Lewis Åkerman, fungerande kommunikasjonssjef i Google Norge, skriv dette i ein epost til Framtida i etterkant av kravet.

– Når det gjeld verktøya me tilbyr som ein del av G Suite for utdanning, kan me for augneblinken ikkje auka støtta for nynorsk.