Korona-viruset i verda får plass i ein brus-boks

Den britiske matteeksperten Kit Yates har funne ut at alt Covid-19-viruset i verda akkurat no, lett kan passa inn i ein enkelt brusboks.

For å komme fram til dette, brukte matteeksperten globale vurderingar på nye infeksjonar av korona-viruset, saman med eit estimat på kor mykje virus det er på ein enkelt stad, skriv Kidsnews.

Eit døme på dette er kor mykje virus kvar enkelt smitta person har i kroppen.

– Det er forbløffande å tenkja på at alle forstyrringane, tapet og kaoset i verda det siste året kan utgjera berre nokre få munnfullar, seier han i ei uttaling.