Hundar er meir leikne når eigaren er til stades

Forskarar har funne ut at hundar leikar meir med kvarandre om eigarane er til stades og gir dei merksemd.

– Det er ei kjent sak at hundar gjerne søkjer merksemd frå menneske og er avhengig av oss, seier Lindsay Mehrkam. Ho er spesialist på dyreåtferd og hovedforfatter av den nye studien.

– Men me har ikkje sett studiar som tek føre seg korleis menneske påverkar hundar sine eigne aktivitetar – som leik med kvarandre.

Filma fleire hundepar

I studien filma dei hundepar i tre settningar: Når dei var åleine, når dei vart ignorert av eigarane og når eigarane viste hundane merksemd.

Når dei fekk merksemd auka både intensiteten og frekvensen til hundane, som viste seg i mellom anna dytting, jaging og leikebiting, skriv Forskning.no.

– Det var spennande å sjå at hundar som har moglegheit til å leika med kvarandre når dei sjølv vil, uansett leikar meir når eigaren gir dei merksemd, seier medforfattar Clive Wynne.