Eg håpar at alle skal ha det bra på jorda

Innlegget var med i skrivekonkurransen til Framtida Junior om håp.

Mitt håp for 2021 er at alle får ein vaksine som virkar, sånn at alle blir friske.

Eg håpar at 2021 blir eit mykje betre år enn 2020.

Eg håpar at smitten blir borte sånn at ingen blir sjuke.

At folk blir flinke til å slutta med å kasta søppel på jorda vår. Då blir dyra sjuke.

Me må læra å slutta og kasta søppel så kan jorda bli mykje finare.

Eg håpar at alle skal vera snille med kvarandre. At alle følgjer reglane, då blir det bra for alle menneske.

Eg håpar at alle barn har rett til å få godt drikkevatn, klede og dei får gå på ein skule.

Eg håpar at alle har det bra jorda.

Eg håpar at alle er snille mot dyra og ikkje er slemme.

At ingen snakkar stygt til andre og ikkje slår.

At alle skal få ha sine eigne meiningar.

Eg ønsker at det er fred på jorda vår og at alle skal ha det bra.