Vil normalisere alle kroppar: – Me vil visa den kvardagslege kroppen

Kvifor har me eigentleg hår på kroppen? Kva veg ein gjennomsnittleg pupp? Og kva er den største muskelen i menneskekroppen? Alt dette får du svar på i NRK-serien Superkroppen.

– I Superkropppen prøver me å gjera noko med normene som seier at kroppen skal vera «perfekt», slik som dei kroppane me ser i reklamar og i sosiale medium. Me vil vise at den kvardagslege kroppen er vanlegaste kroppen, seier Dennis Siva.

Han er programleiar for Superkroppen og fortel at han var litt nervøs før dei skulle starta filminga. Men det gjekk fort over – både for han og for borna i publikum.

– Mange tenkjer sikkert at det var litt merkeleg, men det var det ikkje. Det var berre gøy, og ikkje noko farleg. Etter to minuttar var det jo berre ein kropp!

Forventningar til puberteten

Ved å høyra på vaksne sine historiar og erfaringar om mellom anna puppar, hår, ansikt, rumper og kjønnsorgan, håpar Superkroppen at born vil bli betre rusta til å takla sin eigen pubertet og utvikling. Det kan vera ei rar periode for mange, fortel Dennis.

– Born i alderen 9–12 år har enno ikkje gått gjennom puberteten, og mange har forventingar til den perioden av livet. Det er mykje som er forvirrande rundt det, og det er ikkje alltid ein har nokon å prata med når endringane skjer.

Programleiaren fortel at han syntest at penis-episoden var den som var den kleinaste å laga. – Det er nok fordi det er litt vanskeleg å prata om, då eg trur at mange gutar føler at penis skal vera slik og slik. Eg kan jo relatera til det, sidan eg sjølv er gut.

Han fortel at programmet ønskjer å visa mykje av det ein endar opp med å bli som vaksen.

– Alle born får til slutt ein vaksen kropp. Me håpar at programmet får born og unge til å tenkja at «hei – eg har ein normal kropp, og det har du også!»

Advarar om nakne kroppar

Programleiaren trur at mange kan synast at programmet er interessant, men også litt flaut.

– Eg hadde nok sett på programmet då eg var born, men eg trur eg hadde gjort det åleine.

At programmet kanskje er noko ein vil sjå åleine og ikkje saman med resten av familien, har dei tatt hensyn til. Episodane startar med info om at det kjem nakne kroppar på skjermen.

– Det kan jo vera litt flautt viss du tilfeldigvis ser dette programmet med foreldrene dine, seier Dennis og ler litt.

– Det å ha eit slikt program, sjå det åleine og finne ut av ting på eigahand, er ein stor del av det å veksa opp. Infoplakaten er der for å gi borna moglegheit til å faktisk sjå det åleine, om det er det dei vil.