Viss du har mista håpet kan du finne det att!

Innlegget kom på 2. plass i skrivekonkurransen til Framtida Junior om håp.

Linnea Cirotzki Fossen. Foto: privat

Eg har håp for at koronaen skal gå vekk, men det trur eg nesten alle har.

Eg har håp for mange andre ting òg. Eg håper at stemammaen min kjem tilbake, for da blir me alle glade.

For koronaen har stoppa ho frå å komma til oss frå Filippinane i eitt år!

Eg håper at broren min får gjort ferdig arbeidet sitt med leilegheita sin.

Håp er veldig viktig skal eg seia deg. Håp er ein del av oss. Viss me mister det, so blir me triste og gir berre opp.

Men viss du har mista håpet, kan du finne det att! Du må berre tru på deg sjølv! Viss du har mista håpet, so kanskje ein ting som hjelper er og snakka med nokon. Kanskje du kan snakka med nokon i familien, eller ein nær venn? Det hjelp å snakka og vera open, og du får kanskje litt motivasjon.

Ser du nokon som ser litt lei seg ut, so kan du prøva og oppmuntra dei. I 2020 so har det vore masse håp for at koronaen skal vekk. Dette håpet må me ha i 2021 og! Men alt me kan gjera no er å håpa at vaksinen kjem til alle i heile verda!