Fekk ikkje bruka gymsalen, men skryt av gymlæraren: – Han gjer det beste kan kan for oss

Då elevane ikkje fekk lov å bruka gymsalen på skulen grunna korona-restriksjonar, måtte læraren finna på noko lurt.

– Det er dumt at me ikkje får lov til å ha gym inne. Me saknar fotball og andre sportar.

Det seier Kristian Ølmheim, Erlend Fardal og Andreas Bjørk Ertsland som er 10. klassingar ved Leikanger ungdomsskule.

Då regjeringa vedtok at all fysisk aktivitet for born og unge måtte stoppast i starten av januar, gjekk det også ut over gymtimane til elevane. Skulen bestemte at timane skulle flyttast ut, og at elevane skulle gå ei fast ruta i nærleiken av skulen. Gutane fortel at å gå tur ute på vinteren, ikkje har vore heilt optimalt.

– Det er jo ikkje hans skuld at det er korona

– Når det regnar eller er fleire minusgrader, er det ikkje noko særleg å gå tur. Me skulle gjerne likt at gymtimane snart er som vanleg, seier dei.

No har gutane heldigvis fått lov å koma tilbake til gymsalen og til dei vante gymtimane.

Sjølv om det har vore lite koronasmitte der dei bur, har dei måtta forhalde seg til korona-reglane. Gutane skryt av korleis gymlæraren har retta seg etter dei.

– Han gjer det beste han kan med tanke på situasjonen, og det beste han kan for oss. Det er jo ikkje hans skuld at det er korona, seier dei.

Bilete frå Strandavegen, som er en del av den faste ruta til elevane. Foto: Marte Husabø

«Strandatesten»

– Då me ikkje fekk lov å bruka gymsalen, måtte me tenkja litt nytt. I læreplanen står for gym står det at me skal nytta turar i nærmiljøet, og me fann fort ut at me kunne bruka den vante runden til gymmen også, seier gymlærar Helge Ness.

Runden elevane har brukt som gymtime, er nemleg ikkje ny for han.

– Kvar haust og vår har me ein test her, som me kallar «Strandatesten». Den går ut på å springa runden fortast mogleg. Det er nesten gått litt prestisje i det, seier han.

Dette er dei gjeldande reglane for born og unge frå 23. februar, i følje Regjeringen:

  • Born og unge under 20 år kan trena og delta på fritidsaktiviteter som normalt. Dei kan få unntak frå anbefalingen om ein meters avstand når det er naudsamt for å driva med aktiviteten.
  • Born og unge under 20 år kan delta i idrettsarrangement som samlar deltakarar frå den same kommunen. Innanførs kan det vera opp til 50 personar på slike arrangement. Utandørs kan det vera 200.
    Dersom born og unge trenar med eit idrettslag i ein annan kommune, vil dei kunne konkurrere med dette idrettslaget så lenge smittesituasjonen tillet det.
  • Born og unge under 20 år som driv med idrett som der det ikkje er nærkontakt (som mellom anna ski), kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakarar frå den same idrettskretsen eller regionen der region vert nytta som geografisk inndeling.