Lemurar finn kjærleiken med andre artar

Kva skjer når ein lemur mistar kjærasten sin? På Duke Lemur Center i USA prøver personalet å parra den med ei ny kjærast, sjølv om dei ikkje er frå den same lemurarten.

– Målet vårt er at ingen lemurar skal leva åleine. Det er heilt unaturleg og ikkje bra for dei, seier leiaren av Duke Lemur Center i ei sak hjå New York Times.

Lemurar er svært sosiale dyr. Derfor vil dei mykje heller vera saman med andre, enn å leva livet sitt åleine.

På Duke Lemur Center har dei for få dyr av nokre lemurartar til å kunne para ein einsam lemur med ein annan av same art. Derfor har dei tilsette funne ei anna løysning.

I staden for å frakta den einsame lemuren til ein ny dyrehage eller institusjon, parar dei den saman med ein lemur frå ein annan art.

Den mest kjende av dei rundt 100 ulike lemurartane, er ringhalelemuren. Foto: Pixabay

Svært sosiale dyr

Duke Lemur Center skriv at lemurane vert nøye overvåka når dei forsøker å para dei saman. Teikn på at dei fungerer saman, er at dei helsar med nasen, pleier kvarandre, sit og et saman.

Nokre gonger går det bra, medan dei andre gonger må skiljast frå kvarandre.

Sjå video frå Duke Lemur Center her: