Du må jobba mykje lengre enn besteforeldra og foreldra dine

Noreg er eit land med fleire og fleire gamle, men færre barn og unge. Det kan bety at du som er ung i dag må jobba mykje lengre enn foreldra dine.

Det skjer store forandringar med oss som bur i Noreg. Fleire vaksne får ikkje barn. Og dei som får barn, får ofte berre eitt eller to. Få familiar har tre eller fleire barn, skriv Ung.Forskning.no.

Samtidig blir det vanlegare at dei som er gamle, får feira 100-årsdagen sin. Veldig mange kjem til å leva til dei blir 90 og 100 år gamle fordi vi har betre medisinar, betre sjukehus og så er vi sunnare. Når det blir født færre barn, så blir færre som delar på all jobbinga som må gjerast i samfunnet.

Styresmaktene passar på

Noreg er nemleg ein velferdsstat. Det betyr at styresmaktene passar på at du skal få hjelp om du blir sjuk. Vaksne får hjelp om dei mistar jobben sin. Og når vi blir gamle og sluttar å jobba, så får vi alderspensjon frå staten.

Så lenge du jobbar i Noreg er du med og betaler pensjonistane si «løn». Mykje av den skatten vaksne betaler, blir gitt til pensjonistane. Den dagen du sjølv blir pensjonist, så er det du som får alderspensjon.

Mange eldre, færre yngre

Men staten har ikkje spara opp desse pengane for deg. I staden er det sånn at når det er du som blir gammal, så er det dei som då er vaksne og jobbar som må betala pensjonen din. Det er derfor det blir eit problem om stadig fleire i Noreg er eldre, medan det blir færre barn og unge som får seg jobb og betaler skatt.

Dersom det blir veldig mange gamle i samfunnet som treng pengar, og færre unge og vaksne som kan jobba, då blir det for lite pengar. Om staten då skal bruka like mykje pengar på pensjonar, så må det brukast mindre pengar til skular, vegar og sjukehus.

Tre måtar å løysa problemet på:

  • Folk må betala meir sjølv. Til dømes når vi kjem på sjukehus. Men det er ikkje sikkert at det er så lurt. Til dømes kan det bli ganske urettferdig om nokon får god hjelp og andre får dårleg hjelp om dei blir sjuke.
  • Folk må betala meir pengar av lønna si i skatt.
  • Folk må jobba lenger. Då blir det kortare tid vi treng å få alderspensjon frå staten. Det blir òg fleire som betaler skatt. Forskarar har rekna ut at ein person som er 15 år i dag, må jobba i 40 år av livet sitt.

(Kjelde: Ung.Forskning.no)