Kva skjer når nokon døyr?

Forfattar Endre Lund Eriksen og illustratør Sigbjørn Lilleeng har laga barnebok om døden. Ikkje om tru eller filosofi, men om kva som skjer med ein kropp som ikkje lenger kan leva.

Forfattar Endre Lund Eriksen hadde sjølv mange spørsmål om døden som barn, men endå fleire som vaksen. Difor ville han skriva ei faktabok som viser kva som skjer med kroppen når eit menneske døyr.

FORFATTAR: Endre Lund Eriksen. Foto: Cappelen Damm

– Mange barn stiller spørsmål om kva som skjer når folk dør. Gjerne praktiske ting om gravlegging, om ein framleis kan sjå, høyra, eller føla noko når ein er død. Difor ville eg skrive om det vi veit heilt sikkert. Det finst allereie mange bøker om kva folk trur og håpar at skjer etter døden, fortel Endre.

Diskuterer døden

Endre har skrive ei historie om Mikkel som ufriviljug vert hovudperson i boka. Forteljarstemma i boka og Mikkel diskuterer døden, og då det viser seg at mora til Mikkel er sjuk, får Mikkel servert mange fakta. Han er nysgjerrig, men vil helst ikkje snakka om døden.

Bokomslag/Illustrasjon: Sigbjørn Lilleeng

– Eg tenkjer det kan vera fint å læra om døden før ein står midt i det at nokon har døydd. Då slepp ein å lura på så mange praktiske ting medan ein opplever ei stor sorg, seier Endre.

Temaet har engasjert forfattaren i mange år.

– Då far min døydde var eg i 20-åra, så det var tidleg å oppleva ei stor sorg. Det gjorde meg klar over at eg også kjem til å døy ein dag. Eg ville finna ut meir om desse praktiske tinga, fortel han.

Fyrste møte med døden

Då Endre var i 11–12 årsalderen opplevde han sitt fyrste møte med døden. Det var ein nabo som døydde den gongen.

– Det gjorde sterkt inntrykk å gå i gravferda til naboen, men heldigvis var det ikkje tabu å snakke om døden i min familie. Det hjalp å snakka om det, fortel han.

Han føler at han fekk gode svar frå foreldra sine, og det er det han ønskjer at lesarane av boka sit att med også. Så må ein sjølv finna ut kva ein vil tru om kva som skjer etter døden.

– Ein del vaksne tenkjer at dei vil skåna barna frå å snakke om døden, men eg trur det gjer det meir skummelt enn det treng å vera. Før var det gjerne slik at familien tok seg av å stella kroppen til den som døydde, men i dagens samfunn har vi ein avstand til alt det praktiske som skjer når nokon døyr. Det trur eg gjer døden meir mystisk enn han treng å vera.

Illustrasjon: Sigbjørn Lilleeng