Fem fakta om morsdag

På søndag er det morsdag – dagen då alle mammaer fortjener litt ekstra merksemd.

Korleis pleier din familie å feira morsdagen?

Det er mellom anna vanleg å laga eit fint kort, gi blomar eller å la mamma sove litt ekstra lenge denne dagen.

Her kjem fem fakta om mødrene sin dag, som du kanskje ikkje visste frå før:

  • Morsdagen i Noreg vert alltid feira den andre søndagen i februar, i motsetning til mellom anna USA. Der feirar dei morsdagen i mai.
  • Historia til morsdagen startar i 1905, då amerikanske Anna Marie Jarvis hadde ei minnemarkering for den avdøydde mora si. Tre år etter dette, vart den første morsdagen feira i ei kyrkje i Vest Virginia. Etter dette spreidde feiringa seg til andre stader i USA og til resten av verda.
  • Den første morsdagen i Noreg vart feira i Bergen, i 1919. Altså 14 år etter den første minnemarkeringa i USA.
  • Heilt i starten vart morsdagen arrangert av religiøse organisasjonar i Noreg. Dei to Oslo-damene Dorothea Schjoldager og Karen Platou fekk i samarbeid med organisasjonar, forretningsfolk og media gjennomslag for å etablera dagen som ein årleg feiring i Noreg.
  • Dei to damene jobba for å få morsdagen i Noreg til andre søndag i februar. Grunnen er truleg fordi me i Noreg allereie har mange fest- og fridagar i mai.

Kjelder: Wikipedia, SNL