Skuleelevar fann fire framande planetar

To amerikanske elevar på vidaregåande skule jobba saman med forskarar for å leita etter planetar rundt framande stjerner. - Eg vart veldig glad og veldig sjokkert, seier Jasmine Wright (18) i ei pressemelding.

Jasmine og Kartik Pinglé (16) har jobba saman med romforskarar ved Center for Astrophysics; Harvard and Smithsonian i USA. Senteret har eit program der skuleelevar kan søka om å få delta i eit forskingsprosjekt, skriv Ung.Forskning.no.

I eit heilt år har Jasmine og Kartik vore med på forsking der astronomane leitar etter framande planetar. Forskarane og elevane studerte observasjonar av lyset frå ei sol-liknande stjerne som ligg 200 lysår unna.

– Vi leita etter endringar i lyset over tid, fortel Kartik.

Dette er ein metode for å oppdaga planetar rundt framande stjerner. Planetane er for små til at vi kan sjå dei, sjølv med teleskop. Men viss ein planet passerer føre stjerna, vil den skuggen litt for stjernelyset. Viss lyset frå ei stjerne blir litt svakare med jamne mellomrom, er det truleg fordi ein planet går i bane rundt han.

Forskarane og elevane fann spor fire planetar!

Det ser ut til at stjerna har tre gassplanetar som liknar små versjonar av vår eigen planet Neptun. I tillegg har den ein steinplanet som er større enn jorda.

Dette er pressemeldinga som omtala saka fyrst.