Håpar å danse på ei stor scene

Anna Maria (9) og Elisabeth (10) dansar gjennom heile dagen. Systrene håpar dei ein dag vil få jobbe som profesjonelle dansarar. 

FAKTA: Dans
  • Dans er eitt av dei eldste uttrykka for menneskeleg kultur, og finst i alle samfunn.
  • Dansen kan utførast i samband med ein religiøs rite eller for å underhalde.
  • Dei fleste dansar har fastsette reglar for korleis ein skal utføra dei.
  • Koreografi er kunsten å laga eller iscenesetta dansar for framføring.
  • Som med musikk kan ein grovt dela dans inn i to grupper: Folkedans, som tradisjonelt har vorte dansa av folk flest i det miljøet han kjem frå, og klassisk eller scenisk dans, som vert dansa av profesjonelle utøvarar. Midt imellom ligg vestleg selskapsdans, som vert dansa av både amatørar og profesjonelle.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg dansar nesten kvar gong eg høyrer musikk. Det blir også til at eg ser på TikTok kvar dag, fortel Anna Maria.

Systrene starta på klassisk ballett i 1. klasse, men byta til jazzballett i 3. klasse. Der går dei framleis.

– Vi har same danselærar som då, og ho er veldig flink! Det er ekstra gøy når vi har danseoppvisning ein gong i året. Då er det alltid mange om ser på, fortel Anna Maria.

– Eg dansar mesteparten av dagen. For eksempel viss eg er i butikken. Ja, eg gjer det i grunn nesten overalt, fortel Elisabeth. 

– Eg treng ikkje alltid musikk heller. Av og til berre byrjar eg å danse utan at eg tenkjer over det, ler Anna Maria.

Drøymer om å jobbe med dans

Dei tvilar på at det er mogleg å bli lei av dans. 

– Kanskje når eg vert gamal, men eg veit ikkje om eg nokon gong kan bli lei av å danse, seier Elisabeth. 

Dei håpar begge at dei ein dag kan få jobbe profesjonelt med dans på ei stor scene.

– Eg har tenkt på å bli ballerina. Det ser så fint ut. Dansen er så fin, alle bevegelsane. Det å bruke kroppen slik er rett og slett gøy, fortel Anna Maria.

Diktar dansar sjølv

Jentene dansar ofte saman med vener.

– Eg har mange vener som likar å danse TikTok-dansar. Vi finn av og til på dansar sjølv, og då hentar vi inspirasjon frå både TikTok og danselæreren vår, fortel Anna Maria.

– Eg blir litt nervøs for å vise fram dansar eg har laga sjølv, men gjer det av og til, fortel Elisabeth.

Denne veka har vi håp som tema i Framtida Junior! Kva dag kan du lese om ulike menneske sitt håp for år 2021.