10 gode nyhende

Vaksinen er her og 2020 er over. Her får du endå fleire gode nyhende verda rundt.

Synest du også at det kan vera litt vanskeleg å tenkja positivt når verda er som den er no? Her er nokre gode nyhende som viser at det er håp.

EU skal redusera drivhusgassar med 55 prosent

EU-landa har inngått ein avtale om å redusera utsleppa av drivhusgassar med minst 55 prosent innan 2030. Det er ein meir ambisiøs plan enn avtalen frå 2014 der kvart land vart samde om ein reduksjon på 40 prosent.

Lovforslaget om korleis reduksjonen skal skje, vil komma i juni, skriv Verdens Beste Nyheter.

Foto: Pixabay

Kamp mot krypskytteri på det afrikanske kontinentet

Det skjer endeleg små framsteg for nashorna. Begge nashornartene vi finn i Afrika, svarte og kvite nashorn, er utrydningstruga, ifølgje Verdens Beste Nyheter.

No har talet av det sørvestlege svarte nashornet stige og er ikkje lengre klassifisert som sårbar, men «nært truga». Også dei andre underartene er på veg opp.

Dette betyr på ingen måte at nashorna er utanfor faresona, men det viser ei sakte betring og at det faktisk hjelper å arbeida for å verna dyra.

Foto: Pixabay

Reddar aper i regnskogen

Foto: Bjoertvedt / CC BY-SA 3.0 / Wikimedia Commons

I Brasil finn vi ei av verdas minste apeartar. Med ei vekt på berre litt over eit halvt kilo, kan løveapa verka ganske hjelpelaus mot dei mange farar som trugar ho. Men ho har vist seg å vera ein skikkeleg fighter, skriv Verdens Beste Nyheter.

På 70-talet var populasjonen heilt på botn med færre enn 200 apar att i det fri. Arten var mellom anna sterkt påverka av sjukdom, utbygging og avskoging.

Men ein 30 år lang innsats for å redda løveapene har hjelpt, og i dag er det 2.414 løveaper i dei brasilianske tretoppane. Målretta innsats basert på avl og frigjering av aper frå zoologiske hagar har vore viktig for framgangen.

Skjelpaddene får leggja egg i fred

Målretta redningsinnsats har redda den truga arten «uekte karettskilpadde» i Tunisia.

Klimaendringar, turisme og plastforureining har gjort det vanskeleg for skjelpadda å finna rugeplassar på strendene. I 1997 starta likevel den tunisiske regjeringa, i samarbeid med organisasjonen Sea Turtle Rescue Centre, overvaking av rugeplassane.

Den gong var det berre 11 karettskilpaddereder att. I dag blir det bygd over 40 reir i året. Blant tiltaka har vore å stenga av visse område for turistar slik at skjelpaddene kan leggja egg i fred, skriv Verdens Beste Nyheter.

Foto: Ukanda / CC BY 2.0 / Wikimedia Commons

Kvalen tek tilbake havområde

Foto: Pixabay

Området rundt øya South Georgia var ein gong eit episenter for kvalfangst. Den norske polfararen Carl Larsen fekk løyve til å driva kvalfangst frå øya i 1904, og i løpet av dei neste 60 åra vart 176.000 kvalar drepne i dette området. Dette tærte naturlegvis på bestanden og gjorde kvalane utrydningstruga.

No verkar det som at kvalane har byrja å venda tilbake til dei gamle slakteplassane, skriv Verdens Beste Nyheter.

Kvalforskarar frå forskingsskipet R/V Braveheart har observert både sørkaper, knølkvalar og blåkvalar. Under ekspedisjonen høyrde dei 55 blåkvalar. Det er ein stor oppgang sidan 2018 då dei berre høyrde to.

Knølkvalen har hatt ein endå større tilbakekomst. Han blir no observert i omtrent same tettleik som før kvalfangsten starta.

Elefantar i Kenya fordobla dei siste 30 åra

Det er gode tider for elefantane i Kenya, då det i dag er meir enn dobbelt så mange elefantar enn det var i 1989. I 1989 innførte regjeringa væpna verning av landet sine truga dyr, og det har vore til stor hjelp.

Dei 16.000 elefantane som levde i landet i 1989 er blitt til 24.800 i år, skriv Kenya Wildlife Service.

– Det har vore eit vanskeleg år for oss alle, men det er også mykje å feira. Her i Amboseli trivast elefantane, seier Dr. Winnie Kiiru frå the Elephant Protection Initiativ i ei pressemelding.

Foto: Pixabay

Indisk mann opna ris-bank for alle sparepengane sine

Foto: Pixabay

Flaumar og strenge korona-reglar førte til at mange uføretrygda stod på bar bakke i den indiske regionen Hyderabad i 2020. Det ville Ramu Dosapati gjera noko med.

Dosapati, som bur i regionen saman med familien sin, brukte om lag 600.000 kroner på å etablera det han kallar ein ris-bank.

Frå ris-banken har han gitt ut ris og andre varer til dei som treng det, skriv Good News Network.

Satellittar har hjelpt mot avskoging i Afrika

Foto: Pixabay

Avskoging i Afrika har gått 18 prosent tilbake i løpet av dei to siste åra. Grunnen er at organisasjonar på kontinentet har fått åtvaringar frå satellittar, som kretsar rundt jorda.

Satellittane som vart lansert i 2016, er utvikla av The Global Land Analysis and Discovery system og er tilgjengeleg via Global Forest Watch.

Dei tilbyr varslingar og bilete når dei oppdagar at det er blitt mindre skog, skriv University of Wisconsin-Madison.

Vil gjera Champs-Élysées grøn att

Ordføraren i Paris, Anne Hidalgo, har bestemt at den kjente handlegata Champs-Élysèes skal gjerast om til ein park i hjarta av Paris. Ho har løyva 250 millionar euro til prosjektet, skriv arkitektnytt.no.

Det har lenge vore eit ønske om å gjera den travlaste gata i byen til ein meir attraktiv plass for dei som bur der. Sidan Paris skal arrangera sommar-OL i 2024, vart det fortgang i planane.

Arkitektane som er ansvarleg for prosjektet, skriv at gata blir «eit rom for å eksprimentera med utviklinga av ein bærekraftig, attraktiv og inkluderande by innan 2030».

Foto: Pixabay

Smarttelefonen er ikkje negativ for den mentale helsa

Brukar du mykje tid på mobiltelefonen din?

Ei ny studie, som er publisert i Technology, Mind and Behavior, tok for seg tid brukt på smarttelefonar av 199 menneske som hadde iPhone og 46 som hadde Android-telefon.

Deltakarane fekk spørsmål om den mentale og fysiske helsa si, og gjekk gjennom undersøkingar for angst og depresjon.

Overraskande nok viste det seg at antal timar brukt på telefonen, ikkje hadde noko å seie for den mentale helsa, skriv Good News Network.

Foto: Pixabay

Denne veka har vi håp som tema i Framtida Junior! Kva dag kan du lese om noko som gir håp for år 2021.