17-åring knuser rekordar

Olivia Rodrigos «Driver's License» er den raskaste songen til å nå 100 millionar lyttingar på Spotify.

– Me har ikkje sett noko liknande. Ein ny artist som dominerer på denne måten, seier sjefen for straumelistene til Spotify.

17-åringen frå California i USA har sett fleire rekordar etter at ho sleppte songen «Drivers License» den 8. januar.

Fleire rekordar

Det heile starta med at songen vart den som er blitt mest strauma på Spotify i løpet av ein dag, med unntak av julesongar.

Den første rekorden var på 15 millionar avspelingar på ein dag, før ho dagen etterpå fekk nok ein rekord. Då hadde songen 17 millionar avspelingar.

Etter dette var vegen kort før ho tok enno ein rekord.

Songen hennar er no den som raskast når 100 millionar avspelingar på Spotify, skriv VG. 

Her kan du høyra songen: