Kvart skuleår gir jenter 11 prosent meir løn

Fleire jenter enn nokon sinne går på skule. Skulegangen til ei jente kan vera vegen ut av fattigdom og forbetra vilkåra for både hennar eige liv og for heile samfunnet.

Sidan 1995 har 180 millionar fleire jenter starta på grunnskulen. Utviklinga har vore størst i Afrika sør for Sahara, men også i Sentral-Asia og India. Undersøkingar viser at inntekta til ei jente stig med 11 prosent for kvart år ho fullfører i skulen, i forhold til jenter utan utdanning.

Utdanna jenter blir òg gift og får barn seinare – og får færre barn enn kvinner utan utdanning, skriv Verdens Beste Nyheter.

Framleis mange att

Sjølv om ni av ti jenter globalt sett gjennomfører grunnskulen, fullfører berre tre av fire jenter sjuande til tiande klasse.

Omkring fem millionar færre jenter enn gutar byrjar på skulen verda over. Resultatet er at ei av ti jenter mellom 15–24 år ikkje kan lesa eller skriva.