Fattigdom gjer heimeskulen vanskeleg i Storbritannia

Heimeundervisning fungerer dårleg for millionar av fattige barn i Storbritannia.

Mange barn vil ikkje klara å ta att det dei no mistar, skriv VG. Over 100 000 coronasmitta britar er døde, og dei fleste skular er stengde. Styresmaktene håper å opna skulane att etter påske.

Det betyr at barna må streva med heimeundervisning i lang tid enno.

4 millionar fattige born

Nærare ein tredel av barna i Storbritannia lever i fattigdom.

Det er over 4 millionar barn. Mange av desse barna slit med elendige kår for heimeundervisning, utan PC, pult og arbeidsro.