Donald Pocket kjem med bok nummer 500: – Me kan halda på til bok 1000, minst

Donald Duck pocket er den lengstlevande bokserien i Noreg. Redaktøren i Noreg trur gjengen i Andeby har ei lys framtid føre seg.

– Framtida til Donald Pocket er veldig lys. Eg trur grunnen er at det er ikkje eit vekeblad og ikkje ei bok, men noko midt i mellom. Me har eit veldig trufast publikum, så eg trur at me kan halda på til bok nummer 1000, minst, seier Tonje Tornes.

No i januar landar den 500. pocketboka om Donald og venene hans i butikkane. Den første boka kom allereie i 1968. Det er lenge sidan! Viss du leitar etter ei slik bok heime, er det stor sjans for at du kanskje finn ei som mamma eller pappa hadde då dei var born.

Redaktør Tornes trur grunnen til at pocketen framleis er aktuell, er fordi handlingane i teikneserien handlar om det som skjer rundt oss.

FANTOMIA: Dolly som Fantomia er Tornes si favoritt-historie. Giorgio Cavazzano har teikna historia.

Dolly og Fantomia

Historia ho sjølv hugsar best frå sin barndom med Donald pocket, er historia om Dolly og Fantomia.

– Eg veit ikkje heilt kor gamal eg var då eg las den historia, men det må ha vore på hytta på 80-talet.

Historia handlar om Dolly som synest at mennene i familien sin er fjompenissar, og ho vil derfor gi dei ei lærepenge. Derfor gjer ho seg om til superheltinna Fantomia.

– Eg hadde høyrt om kvinnekamp, og fekk eit kick då eg forstod at denne historia handla om nettopp det. Eg trur det er slike oppdagingar som gjer at så mange likar Donald Pocket.

DOLLY: Dolly er lei av alle mennene i familien sin når ho bestemmer seg for å bli Fantomia. Historia er henta frå bok nr. 28.

– Lesarar frå 8–80 år

– Det er mest born mellom 8 og 12 år som les Donald, seier Tornes og legg til:

– Men det som er kult, er alt det også er mange vaksne som framleis likar å lesa om Donald og venene hans. Eg trur at me har lesarar frå 8–80 år, seier ho.

Til no har dei ikkje gitt ut pocketbøkene om Donald på nynorsk.

– Men det skal eg notera meg, det hadde vore kult!