Drøymer du deg ofte bort?

Viss ja; Hald fram med det! Å la tankane flyta heilt fritt er faktisk heilt nødvendig for menneske, meiner forskarar.

Når læraren din forklarer eit vanskeleg mattestykke, kan det av og til vera vanskeleg å konsentrera seg lenge. Då skjer det kanskje av og til at du byrjar å tenka på noko heilt anna. Til dømes kva du skal eta når du kjem heim frå skulen, skriv Ung.Forskning.no.

Ei god nyheit

Læraren din kan bli irritert om du sit der og dagdrøymer og ikkje følgjer med på undervisninga. Og ja, det kan verka dumt å drøyma seg mykje bort når vi eigentleg treng å konsentrera oss. Den gode nyheita er at det faktisk ikkje er det.

No har forskarar ved Universitetet i Berkeley i USA undersøkt kva som skjer i hjernen vår når vi dagdrøymer. Dei har sett eit apparat som heiter EEG på hovudet til folk når dei gjorde visse oppgåver. Dette apparatet kan måla det som skjer i hjernen. Forskarane klarte å fanga signal i hjernen som avslørte om dei fokuserte på oppgåva eller om dei lét tanken flyta fritt.

Viktig kreativitet

Viss vi berre konsentrerer oss om visse oppgåver, kan vi faktisk mista viktig informasjon, meiner forskarane. Når tankane flyter tilfeldig rundt tilfeldig, plukkar dei opp minne på vegen og lagar fantasi. Dette skaper det som kallast kreativitet.

Tankeflukt gir deg nye idear, og gjer at du vil forstå ting betre. Dessutan får du det betre med deg sjølv og kjenslene dine. Du slappar meir av, og det gir deg meir energi til å løysa nye oppgåver, meiner forskarane.

Vi bruker faktisk nesten halvparten av den tida vi er vakne til å tenka på noko anna enn det vi skal og bør gjera.