Nora og Ida designa sine eigne t-skjorter

Nora Funderud (11) og Ida Samland Tendal (12) fekk lage sitt eige design som dei trykte på t-skjorter. 

Fakta om t-skjorter og design:
  • Formgjeving eller design er ei internasjonal nemning som nyttast om prosessen der ein kjem fram til kva utsjånad ein gjenstand eller eit produkt skal ha.
  • Å designe handlar om å til dømes velje kva form, farge eller materiale ein gjenstand skal bestå av.
  • Ein snakkar mellom anna om klesdesign, møbeldesign, industridesign og grafisk design.
  • Undertrøyer med T-form var lenge i bruk i Europa som undertøy for menn. Under den fyrste verdskrigen, fekk sveitte amerikanske soldatar augene opp for dei lette bomullsplagga som europeiske soldatar brukte under uniformen.
  • Etter krigen byrja folk å gå med t-skjorter utan å ha skjorte over, og etter kvart var det fleire amerikanske filmstjerner som gjorde det same.
LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior møtte Nora og Ida då dei deltok på kulturell dag i regi av Kulturskulen i Skånevik. Der fekk dei lære meir om design og trykk på klede frå Heidi S trykkeri.

– Vi fekk laga vår eiga t-skjorte. Fyrst brukte vi ein PC for å lage sjølve designet. Vi googla for å finne kule motiv vi kunne bli inspirert av. Vi valde også teksttype og bestemte oss for om vi ville ha farge eller glitter på trykket, fortel Nora.

Skåneviking og OMG

Sjølve designet laga dei i eit spesielt dataprogram. Nora valde å skrive «skåneviking» med kvit skrift i ei glitterramme på si t-skjorte, og Ida skriev «OMG» i svarte bokstavar med kvit ramme på si. Etter designet var skrive inn på datamaskinen, printa dei det ut i vinylplast på ein printer.

– Det er kult å lage noko som ingen andre har seier, Nora. Foto: Janne Nerheim

Printeren skar ut linjene rundt bokstavane jentene hadde laga i designprogrammet. Så pressa jentene trykket på t-skjortene sine. 

– Vi brukte ei maskin som gjer at motivet blir trykt på stoffet. Slik at det tåler vask og slikt. Eg måtte gjere trykkeprosessen to gongar fordi eg har svart skrift inni ei kvit ramme. Då måtte eg fyrst trykke den eine fargen, og så plassere den andre heilt nøyaktig inni den andre etterpå, fortel Ida.

Vil designe meir

Jentene ser ikkje bort frå at dei kjem til å lage fleire design i framtida. 

– Eg har fått inspirasjon til å jobbe med design vidare, seier Ida.

GULLFUGL: Nora fann ein fugl ho ville trykke bak på t-skjorta. Her har gullfuglen blitt pressa på, og Nora skal til å rive av plasten som ligg over motivet. Foto: Janne Nerheim

– Ja, det er kult å lage noko som ingen andre har seier, Nora.

– Håpar vi kan gjere dette fleire gongar. Det å lage fleire klede hadde vore kult, seier Ida.  

DIY-tips

Viss du ønskjer å eksperimentere med trykk på t-skjorter heime, kan du kjøpe transferpapir. Då printar du eit foto på transferpapiret, klypper ut motivet du vil trykke på t-skjorta, fjernar papiret på baksida av transferpapiret, legg motivet på t-skjorta med eit bakepapir over og så stryk du motivet på. Følg instruksjonen på transferpapiret du kjøper. 

GLITTER: Nora viser fram t-skjorta ho har laga. – Eg kunne berre bruke sjølve t-skjorta som skriftfarge, sidan den allereie var kvit, og eg skulle ha kvit skrift inni ei glitterramme, fortel ho. Foto: Janne Nerheim