Visste du at det alltid må vera seks ramnar i Tower of London?

I følgje ein gamal spådom vil kongeriket ramla saman, om det ikkje er seks ramnar der. No er ein av dei vekke.

Ein av dei seks ramnane som bur i Tower of London har forsvunne, og det er frykta at den har døydd. Det skriv TV 2 i ei sak.

Dette fører til frykt for at kongeriket skal ramla saman og at landet blir fullt av kaos, slik som den gamle spådomen seier.

Kjent for å stikka av

Christopher Skaife jobbar som ramnemeister, og har bekrefta at ramnen er vekke. Ramnen det er snakk om, heiter Merlina og er kjent som dronningramnen i Tower of London.

I eit intervju med BBC Radio, har ramnemeisteren fortalt at Merlina er kjent for å stikka av.

– Ho kjem normalt tilbake. Men denne gongen har ho ikkje gjort det, og eg fryktar at ho er død, seier han.

Ramn i reserve

Ramnen har vore vekke sidan rett før jul. Skaife fortel at dei har ein ramn i reserve, dersom Merlina skulle vise seg å vera død.

– Me har sju ramnar i Tower of London, men berre seks av dei er godkjent av dronninga.

På Twitter fortel Tower of London at dei ikkje har planar om å erstatta dronningramnen enno. Dei håpar at den etter kvart vil bli erstatta av ein kylling frå ramneprogrammet.