Gode nyhende for verdas elefantar

Ifølgje FNs naturpanel har naturmangfaldet på jorda aldri vore meir truga enn det er i dag. Heldigvis finst det òg lyspunkt og ting vi kan gjera for å hindra denne utviklinga.

Elefantar har lenge vorte offer for krypskyttarar, og tidlegare var praksisen så utbreidd at det truga overlevinga til elefantane i Kenya. Det fekk regjeringa til å reagera og i 1989 innførte dei væpna vern av dei truga dyreartane i landet.

30 år seinare er elefantpopulasjonen i Kenya no meir enn dobla, skriv Verdens Beste Nyheter. Og i nasjonalparken Amboseli ved foten av Kilimanjaro vart det i 2020 fødd rekordmange babyelefantar!