Vil utvikla satelittar av tre

Japanske forskarar vil gjera noko med aukande romskrot i atmosfæren.

Eit japansk selskap som heiter Sumitomo Forestry og universitetet i Kyoto har starta eit samarbeid. Planen er at dei skal utvikla verdas første satellitt som er laga av tre, innan 2023.

Årsaka er stor forureining i verdsrommet. Romskrot er nemleg eit aukande problem. Romskrot er satellittar som ikkje lenger er i bruk, eller øydelagde. Når s brenn opp i atmosfæren, vert det danna forurensingar som kan sveva rundt i mange år.

Om satelittane er laga av tre, vil dei brenna opp utan å legge frå seg seg skadelege stoffar, skriv BBC. Satellittar av tre er derfor eit mykje meir miljøvennleg alternativ.

6000 satellittar

– Me er veldig opptatt av det faktum at alle satellittar som kjem inn i jordas atmosfære til  slutt vil påverke miiljøet på jorda, seier Takao Doi, som professor ved Kyoto University og japansk astronaut til BBC. 

Det er nesten 6000 satellittar som kretsar rundt oss. Om lag 60 prosent av desse fungerer ikkje, eller er ikkje i bruk.

BBC skriv at det vert estimert at me kjem til å skyta opp om lag 990 stykker kvart år framover. Det betyr at det kan vera så mykje som 15.000 satellittar i atmosfæren innan 2028.