Forskarar kan sjå på hjernen din om du høyrer på trist eller glad musikk

Kva skjer eigentleg i hjernen når vi høyrer på trist musikk?

Musikk påverkar hjernen vår utan at vi merkar det. Barn som driv med musikk, hugsar til dømes betre enn dei som ikkje gjer det. Og vi blir mindre nervøse av å høyra på musikk, ifølgje Ung.Forskning.no.

No viser ny forsking at hjernen din avslører om du lyttar til trist eller glad musikk.

Forskarar frå Finland har sett på bilde av hjernen til 102 personar som lytta til musikk. Musikken dei høyrde på var enten glad eller trist. Medan dei lytta til musikken, skanna forskarane hjernane deira i ein såkalla fMRI-maskin. Det er ei maskin som gjer det mogleg for forskarane å sjå aktivitet i hjernen medan deltakarane gjer noko, som til dømes å lytta til musikk. Då ligg forsøkspersonane inne i maskina – heilt stille – medan bilde av hjernen blir overført direkte på skjermar som forskarane kan sjå på.

Når personane høyrde på musikk som gjorde dei glade, kunne forskarane sjå at ein bestemd del av hjernen vart aktivert. Og når dei høyrde på musikk som gjorde dei triste, vart ein annan del av hjernen aktivert.

Klassisk musikk

– Vi får aktivert veldig store delar av hjernen når vi høyrer på musikk, seier hjerneforskar Hafting til Ung.Forskning.no.

Det var først og fremst klassisk musikk dei fekk høyra inne i fMRI-maskinene. Det er faktisk ganske vanleg å bruka denne typen musikk i forsking på hjerneaktivitet fordi den er instrumental, altså utan vokal og tekst. Songtekstar kan nemleg påverka kor triste eller glade vi blir.