Hadde den norske statsministeren fått lov til å oppføra seg slik som Trump?

Kva hadde skjedd i Noreg dersom statsministeren byrja å lyga om alt mogleg?

Vi har reglar som passar på at politikarar oppfører seg bra. Politikarane på Stortinget kan sjølvsagt ikkje gjera lovbrot utan å bli straffa. Dei kan heller ikkje gjera altfor ukloke ting. Då må dei andre politikarane på Stortinget ta ansvar og stoppa dei.

– Viss dei meiner at ein minister lyg eller gjer noko veldig dumt, kan dei stille mistillitsforslag. Det betyr at Stortinget skal stemma på om ministeren må slutta eller ikkje. Det har òg skjedd at ei heil regjering måtte slutta, seier Signe Bock Segaard til Ung.Forskning.no. Ho forskar på politikk og demokrati, på Institutt for samfunnsforsking.

Annleis i Noreg enn i USA

Men kva viss ein statsminister gjer noko gale, men likevel får støtte av partiet sitt? Dette skjedde i USA. Partiet Demokratane prøvde å stemma ut Trump som president. Men partiet hans, Republikanarane, stemte imot. Derfor fekk Trump halda fram.

– Det er mogleg at slikt kan skje i Noreg òg. Men Noreg er veldig annleis enn USA. I Noreg har ein statsminister ansvar overfor heile Stortinget, fortel Signe.

– I Noreg er media ofte gode til å stilla kritiske spørsmål og halda auge med dei som har makt. Det er bra for demokratiet, fordi då kan vi avsløra når politikarar lyg og gjer dumme ting, seier Signe.

Viktig å stole på kvarandre

Politikarane må kunna stola på kvarandre, og vi må kunna stola på politikarane våre.

– Vi stoler på at ingen skal skada oss. Vi stoler på at statsministeren vil oss godt, og vi stoler på at politikarane våre bestemmer ting som er bra for dei fleste, seier Signe.

– Men vi er òg gode til å stilla kritiske spørsmål, så det er ikkje sånn at folk i Noreg stoler blindt på politikarane. Og det er veldig bra.

Stor forskjell på fattig og rik i USA

Vi stoler òg på at viss nokon gjer noko heilt gale, blir dei straffa for det, fortel ho.

– Og det er bra, for det betyr at vi ikkje er så mistenksame. For viss ein er mistenksam, så kan det hendet ein ikkje snakkar så fint om kvarandre heller, fortel forskaren.

I USA er det stor forskjell på fattig og rik. Og dei som har makt, er veldig få. I Noreg har vi òg forskjellar, men dei er mindre enn i USA.

– I Noreg er mange med på å skapa samfunnet. Dei er med på idrettsforeiningar eller andre klubbar. Ulike folk blir blanda meir her enn i USA. I USA er forskjellane større. Og vi forskarar ser at når det er store forskjellar i eit land, blir folk ofte meir mistenksomme. Det er ikkje bra, seier Signe.

(Kjelde: Ung.Forskning.no)