Visste du at det finnast kortvaksne giraffar?

To kortvaksne giraffar er oppdaga i det fri. Det forbløffar forskarar.

Med ei høgd på rundt fem meter, er giraffane dei høgste skapningane som lever på jorda i dag. Men ikkje alle giraffar er så høge.

I 2015 og i 2018 oppdaga forskarar to kortvaksne giraffar i Uganda og Namibia i Afrika. Begge giraffane lever i det fri, og er om lag tre meter høge, skriv New York Times. 

Funnet forbløffa forskarane. Sjølv om det er kjent at menneske og husdyr som mellom anna hundar, kyr og grisar kan vera kortvaksne, er det sjeldan å oppdaga tilstanden hjå ville dyr.

Grimli og Nigel

– Den første reaksjonen min var at dette ikkje kunne vera sant, seier Michael Brown om oppdaginga av den første kortvasksne griaffen, som har fått namnet Gimli.

Brown er professor ved «The Giraffe Conservation Foundation» og «The Smithsonian Conservation Biology Institute», og det var kollegaer av han som oppdaga Grimli i 2015.

Den andre giraffen, som heiter Nigel, vart oppdaga i 2018.

Her kan du sjå video av ein av dei kortvaksne giraffane: