Derfor blinkar stjernene

Det nye året har starta med strålande vintervêr i Sør-Noreg. Klarvêr og kulde har kanskje gjort at du har sett stjernene ekstra godt.

Men har du sett at fleire av dei blinkar? Nokre stjerner ser til tider ut som fly som kjem inn for landing, der dei blinkar i raudt, grønt, gult, kvitt og blått.

Den største stjerna på himmelen heiter Sirius. Om du ser opp på himmelen, er den lett å få auge på.

Orions Belte

Også andre stjerner blinkar slik som den, men sidan Sirius er størst, er den lettast å sjå.

Sjå etter stjernebiletet Orions Belte. Du ser stjerna Sirius liggande på rett linje under dei tre tette stjernene som dannar beltet i Orion.

Øverst i bilde kan du sjå stjernebildet “Orion’s Belte”. Flyttar du blikket frå dei tre tette stjernene i beltet og rett ned, ser du Sirius. Foto: Pixabay

Temperaturar verkar som prismar

TV 2 skriv at grunnen til at Sirius blinkar, er at den står lågt på himmelen. Punktet med lys frå stjerna passerer derfor gjennom veldig mykje luft, før det treff auga vårt.

Skilnader i luft-temperaturar verkar omtrent som ei prisme, som splittar opp det lyset frå stjerna. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Forskjellige temperaturar i lufta verkar som prismar, og fører til at det kvite lyset som stjerna egentleg gir ut, blir splitta. Ei prisme er gjennomsiktig og har to eller fleire glatte sider. Den vert brukt til å endra retninga til eit lys, eller til å splitta kvitt lys til fleire fargar.

På grunn av dette, ser me nokre gonger den raude delen av lyset, nokre gonger det blå, det grøne og så vidare og det verkar som om stjernene blinkar. Kult, sant?