Whisky (6) kan namnet på meir enn 110 leiker

Det heile starta med ein fargerik ball og ei leike-mus. No er Whisky med i ein konkurranse der ho kan bli kåra til verdas smartaste hund.

Eksempel på leiker Whisky kan namnet på:

Musa, Elefanten, Den gule ringen, Det blå tauet, Svart frisbee, Sirkusballen, Robin Hood, Oter, Rugbyballen, Det oransje beinet, Franklin (ei skjelpadde).

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det som er uvanleg med Whisky, er at ho kan namn på gjenstandar. Ho har skjønt at for eksempel den gule ringen er noko anna enn det raude beinet. Forskarar har forsøkt å trene opp andre hundar, men sjølv med hjelp av erfarne hundetrenarar, har det vist seg å vera vanskeleg.

Det seier eigaren til snart sju år gamle Whisky, Helge O. Svela. Ung Forskning har også skrive om Whisky. 

Då han fekk ein ny ven for nesten sju år sidan, hadde han høyrt at nokre border colliar kan læra seg namn på gjenstandar. Dei er kjende for å vera smarte.

– Eg tenkte at det hadde vore moro å teste om også Whisky kunne læra dette. Derfor gjekk turen til Ikea, der eg kjøpte ein ball med mange fargar i tillegg til ei mus, seier han.

Whisky og eigaren sin, Helge O. Svela. Foto: Tommy Rasamanickam

Starta trening tidleg

– Me starta med trening tidleg, allereie frå ho var åtte veker gamal. “Whisky, hent den musa”, sa eg. Ho såg litt på meg, og eg sa det ein gong til. Så gjekk ho bort og tok den i munnen. Det same gjorde ho med ballen, seier han og fortsetter:

– Eg skjønte fort at her kunne me vera på veg til noko.

Heilt frå starten har dei trena med klikkar og belønning. Helge seier at det gir ein positiv forsterkning.

Klikkar er ein ting som eigar kan trykka på når hunden gjer det den skal. Helge trykker på klikkaren når Whisky hentar rett leike. Slik forstår Whisky at ho har gjort rett, og at ho får ein godbit til belønning.

– For Whisky er dette leik og moro, det er ikkje slik at ho er utmatta når me er ferdig, seier Helge.

Her er Whisky liten valp, med ein av dei første leikene sine. Foto: Helge O. Svela

Spennande å sjå

No er Whisky med i ein konkurranse der målet er å gi merksemd til eit prosjekt, der forskarar ser på hundar med liknande evner.

– Forskarar vil teste kor raskt hundar kan læra seg namn på gjenstander. I konkurransen er det med seks hundar, der dei er gjennom testar på kor mange gjenstander dei kan lære, seier Helge.

Whisky fekk seks av seks rette i den første delen av konkurransen, som vara i ei veke. I den neste delen, skulle ho læra seg dobbelt så mange gjenstander på same tid.

– I del to fekk ho tolv av tolv rette gjenstander, seier eigaren.