Kina har henta grus og stein frå månen

For første gong på over 40 år, har ein romsonde returnert til jorda med stein og grusprøvar frå månen.

Etter å ha vore på månen i om lang tre veker, returnerte nyleg romsonden Changé-5 til jorda med masse spennande masse frå månen.

I løpet av dei tre vekene med arbeid, har ein robot drilla seg to meter ned i overflata til månen, og henta ut stein- og grusprøvar. Desse har no landa trygt på jorda.

NRK skriv at det er første gong Kina har gjort ein slik operasjon, og at oppdraget er eit av eit mest kompliserte landet har gjort.

Dette er ein modell av romsonden til Kina, som heiter Chang’e 5. Foto: AP/Mark Schiefelbein

Første gong på 40 år

Sjølv om Kina ikkje har gjort liknande operasjonar før, er det andre land som har gjort det. Både Russland (som då heitte Sovjetunionen) og USA har gjort det same tidlegare.

Det amerikanske fartøyet Apollo, var det aller første som tok med seg stein frå månen. Sovjetunionens Luna 24, var det siste fartøyet som tok med seg stein til jorda i 1976.

Ei arv

Bradd Jolliff som er direktør ved McDonnell romsenter ved Washington universitet i St. Louis, skriv i ein e-post til nyhetsbyrået AP at han lovprisar den vanskelege jobben kinesarane har gjort.

– Vitskapen som kan hentast ut fra desse prøvane vil vera ei arv som vil vara i mange år, og forhåpentleg involvera forskarar frå heile verda. Dei er ei skattekiste, skriv han.