Den mest miljøfiendtlege presidenten

Michael Gerrard meiner at Donald Trump har vore den mest miljøfiendtlege presidenten i USA si historie.

Gerrard er lærar ved Columbia Law School og er grunnleggjaren av Sabin Center for Climate Change law.

I ein e-post til forskning.no, skriv han at ingen annan president har gjort i så mykje for å svekka miljøreguleringar. Det betyr at han har jobba mot å gjere noko for å betre miljøet.

Store konsekvensar

Endringar den forrige presidenten har gjort, er mellom anna å gå tilbake på eit av president Obama sine krav, om å ha eit lågare forbrukt på bensin og utslepp frå bilar.

– Trump har stoppa desse forbetringane. Eg forventar at president Biden vil gå tilbake til Obama-standardane, og gjere dei sterkare i åra som kjem, seier Gerrard.

Kan bli betre

Han fortel at om regelverket frå Trump blir verande slik det er no, vil det bety at det vil bli meir utslepp av klimagassar.

Det vert også boring i Arktis og andre sårbare område.

– Biden kan gjere noko med dette, seier han.