Drikk foreldra dine for mykje alkohol i jula?

90.000 barn veks opp i ein heim med foreldre som drikk for mykje alkohol i jula. Viss du har det vanskeleg, finnast det mange som vil hjelpe deg.

Synest du det blir ekkelt når mamma eller pappa drikk for mykje alkohol?

Alkohol er ein type drikk som berre vaksne har lov til å drikke. Det finst mange ulike typar alkohol. Det vanlege er vin, øl eller sprit. Når ein drikk alkohol kan ein føle seg litt annleis.

Ganske raskt vil ein gjere ting ein ikkje ville gjort elles. For eksempel kan ein bli gladare, eller meir lei seg. Ein kan le høgare, eller vera litt meir uforsiktig, skriv Av-og-til.

Mange blir redde

Det er ikkje uvanleg å bli litt redd viss mamma, pappa eller nokon andre vaksne du stolar på forandrar seg. Du skal aldri føle deg utrygg fordi foreldra dine drikk alkohol. Og det er aldri di feil eller ditt ansvar at vaksne drikk alkohol.

Fortell kva du føler til foreldra dine

Ein gong mamma eller pappa ikkje har drukke bør du fortelje dei kva du føler. Prøv å seie kva drikkinga gjer med deg. For eksempel kan du seie «Eg blir redd når du drikk» eller «Eg skulle ønskje du ikkje drakk». Det kan hende at mamma eller pappa ikkje høyrer på deg. Då bør du seie det til nokon andre du stoler på.

Snakk med nokon du stoler på

Kjenner du ein snill vaksen? Kan du fortelje til han eller henne at mamma eller pappa drikk for mykje alkohol? Det kan vera ei tante, onkel, lærar, helsesjukepleiar på skulen din, ein fotballtrenar eller ein nabo.

Kanskje synest du det verkar litt skummelt å snakke med nokon du kjenner? Då kan du ta kontakt med nokon på telefon eller internett, uten at du treng å fortelje kven du er (anonymt). Dei treng ikkje vite noko om deg, viss ikkje du vil fortelje sjølv:

  • Viss du synest det er skummelt akkurat no, og det hastar å få hjelp, kan du ringe Alarmtelefonen for barn og unge på telefonnummer 116 111.
  • På nettsida BaRsnakk.no kan du chatte heilt anonymt om kva du vil.
  • Kors på halsen er ei teneste kor du kan chatte, ringe, sende e-post eller snakke på nett. Du kan ringe dei på telefonnummer 800 333 21.

(Kjelde: Av-og-til)