Når vart hunden mennesket sin beste beste ven?

Mennesket og hunden har vore venner lenge. Ein gong for mange tusen år sidan fann dei saman, og den ville ulven vart etter kvart tam. Men når skjedde det, eigentleg?

Grunnen til kvifor menneske og hunden vart venner, er framleis uklar. Derfor er det fleire som forskar på å finna ut av det, skriv Forskning.no.

Forskarane har sett på DNA-et til mange hundar, både frå lenge sidan og no.

Dei har funne gener frå 59 hundar som levde for mellom 14.000 og 3000 år sidan.

Desse samanlikna dei med hundar som lev no, og dei har kome fram til fleire ulike teoriar. Men ingen er sikre.

Framleis usikkert

– Framleis er det svært usikkert når hunden vart tam, og kvar i verda det skjedde, fortel forskar Eli Knispel Rueness til Forskning.no.

Ho fortel også at det er fleire forskargrupper som grublar vidare på saka no.

– Det blir spanande å fylgje med, seier ho.